Kjære, kjære Helge
- fetteren og reservebroren min
Eg vil seie takk...
Takk for femti gode år i lag.
Takk for glede og moro, leik og arbeid i lange, solrike, regnfulle somrar på Isane.
Takk for haustferiar, julefeiringar, vinterferiar og påsketurar - ei barndoms- og ungdomstid fylt av gode minner
Takk for vennskap og omsorg, spøk og alvor
Takk for mangel på krangel
Takk for lange, fine brev i skule- og studietid, (-før mobiltelefonane overtok)
Takk for laaange telefonsamtaler, der små og store gleder (og nokre sorger) vart delt, -og verdensproblem løyst.
Takk for vennskap og trygghet, godhet, glede, omsorg og raushet.
Takk for at du delte familien din med oss, og at vi fekk dele vår med deg, -onkel Helge.
Takk for rare "tradisjonar" med hastige førjulsmøter på parkeringsplassar i Oslo
Takk for tidsoptimismen som vi alltid har delt, og vore berykta for
Takk for reketråling på Oslofjorden
Takk for festar og feiringar, og planer for fleire heilt til det siste
Takk for Håkon og Tobias
Takk for Tone, -og Christian
Takk for at du var den du var, og har vore der for meg, og alle andre rundt deg
Takk for at eg fekk vere med deg, heilt til det siste
Takk for alt, kjære Helge
Minnene lever vidare, - alltid.
Vis mer
Vis mindre